Med gode vêrmeldingar for resten av veka nyttar Todalen Mjølk høvet til å starte 2.-slåtten for fullt. Med godt over 2000 dekar med gras på rot, er det tross alt nokre dagars arbeid å få gjort om alt graset til siloballar. Vi tok ein liten prat med Odd Harald Talgø som i kveldinga var i gang med slåtten i Husbytrøinn, der rundt 70 mål skulle slåast.
Med effektivt utstyr gikk det fort unna, og med dobbel slåmaskin på traktoren tok han 3 meter framfor traktoren og 3 meter på sida. Når ein så kan kjøre slåmaskina med rundt 20 km i timen, så går det fort å slå ekra, sjølv om ho var på rundt 70 dekar. Neste trinn i prosessen er å kjøre sammen rankane med rive og så kjøre pakkemaskina for å lage siloballar etter kvart.
Odd Harald meinte at 2.-slåtten såg bra ut, og kanskje var i overkant av eit normalår. Det får no vise seg etter kvart, men det er iallfall eit heilt anna resultat enn det var i fjor da det var tørkekrise nærast over heile landet. Dei neste dagane er det meldt varme på over 30 grader, så da kjem det nok godt med at traktorane er utstyrt med klimaanlegg for å regulere temperaturen i førarhytta.