Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Full start i Svinviks arboret

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. mai 2023

Denne helga er det full start i Svinviks Arboret, både med publikum og med blomstring.  I dag er det faktisk første opningsdag denne sesong, og det fell jammen godt saman med starten på rhododendronblomstringa.  Det har vore kalde i vêret denne våren, så det er først no at blomstringa har starta for alvor.   Men det varme vëret dei siste par dagane har verkeleg sett fart på blomstringa, så no kjem nok rhododendronblomstringa for fullt.

Hengjekirsebæra er alt i full blomstring, og er ein flott skue. Foto Jon Olav Ørsal

Frukthagan har også stått litt på vent, men der blir deg nok også liv dei dei neste dagane – og fortsetter varmen i neste veke blir det nok full fart.  I rododendronhagen er det fleire hundre forskjellige variantar, så blomstringa vil nok ta litt tid før alle variantane er komne med. I frukthagen vil det også variere litt, da det er over hundre variantar i frukthagen

Litt uhøgtideleg konkurranse med karamellar til premie – på ein slik finvêrsdag må ein ha uteaktivitetar, seier Ola Bruset og Katarina Wedelsbäck Bladh som hadde teke stand utafor kafeteriaen. 

Når du har gjort runden i arboretet så er det fint å ta ein pause i kaffeteriaen – og slike dagar som i dag er nok uterestauranten eit godt alternativ. Foto Jon Olav Ørsal

Vi har laga et lite galleri med bilde frå opningsdagen – laurdag 20. mai.   Alle foto jon Olav Ørsal

 

Publisert: 20. mai 2023, 17:00