Denne veka ligg det an til rekord på Talgø MøreTres anlegg på Syltøran. Royalanlegget har gått for fullt i vinter for å kunne ha nok varer utover våren, som er den travlaste tida for royalprodukta frå Talgø MøreTre. Måndag var det toppdag på ekspedisjonen, og driftsplana stod lasting av 35 semitraller og vogntog i løpet av dagen – det stod nærast vogntog i kø for å få last på lasteplassen på Syltøran i dag.
Heldig vis har vi lagt om rutinane for lasting etter erfaring frå i fjorvår – no jobbar vi mykje meir effektivt og planmessig, fortel Tove Talgø Brøndbo som har held styr på 5-6 karra som lastar ut royalvarer på skift utover våren. – Vi plukkar fram lassa på forhand og oppnår dermed mykje større effektivitet og dermed auka fyllingsgrad på kvart lass. No kjøyrer vi ut royalbehandla terrasser, kledning og konstruksjonsvirke til heile landet, fortel Tove.
I dag køyrer vi i skytteltrafikk til Industrikaia med materialer som seinare i veka skal skipast med båt nedover heile Vestlandet. Varene som skal gå til Nord-Norge går med bil oppover til Bodø, medan det som skal lenger nord går med bil til Trondheim og blir lasta over på båt som går til Troms og Finnmark. Resten av landet går med bil – bil etter bil – 35 vogntog pr dag på det meste.