Så langt i år har vi en anbefalingsgrad på 87,5%, og det er bra. Aller høyest ligg Hageland Surnadal med heile 98,6% – det er imponerande, seier kjededirektør i Hagelandkjeden Øyvind Krohn til Todalen.no.
Alle hagesentra til Hagelandkjeda blir heile tida testa på denne måten og Hageland Surnadal har som oftast hatt høg score, men denne gongen gjekk dei altså til topps i heile kjeda. Gjengen på Hageland Surnadal er audmjuke og stolte, med er rause nok til å dele den store æra med sine kunder – vi har verdas beste kunder, seier dei!
Hageland Surnadal har hatt bra auke i salet i år, og spesielt har det vore travle tider dei første maidagane – med tjuvstart på sommarvarmen! Vi gratulerer med utmerkinga!