Tydeleg at turstiprosjektet «Toåa Tursti » engasjerer bygdefolket. Søndag samla basaren som vart arrangert fullt hus i Todalen ungdomshus, og det kom inn pengar så det monner denne gongen også. Heile prosjektet med tursti frå Bønnavollan og nedover til Halsabrua er kostnadsrekna til rundt 1,2 mill. kroner, der ein halvpart skal finansiert med midlar og dugnadsinnsats og den andre halvparten skal finansierast med tippemidlar.
I dag var det altså basar, der inntekta gjekk uavkorta til turprosjektet som alt er i starta med skogrydding. – No er det maskinarbeid som står for tur, og det vil etter plana starte hausten 2019. Deler av prosjektet er planlagt for å kunne nyttast av funksjonshemma, og det blir nok mange som får glede av dette turstiprosjektet.
Elinor Bolme er glad for at prosjektet har slik god støtte frå alle hold. Det har vore lett å få med folk på dugnadsarbeid, og folk støttar villig vekk på basarar og på andre måtar. -Vi har også eit godt samarbeid med grunneigarane som velvillig har stilt grunn til disposisjon for turstiprosjektet. Denne gongen var det som sagt full utteljing på basaren med heile 36.000 blanke kroner. – Takk til dere alle, seier kasserar Michal Heimlund, som er kjempenøgd med resultatet.
TREKNINGSLISTE basarbord 7.4.19