Kokkane ga uttrykk for at dei hadde full kontroll på julematen til laurdagskvelden store julebord i ungdomshuset. Fredag kveld vart borda dekt på, og matlaginga førebudd på beste måte. Kjøkkensjef Jon Olav Roaldset hadde god styring på matlaginga, og han har dyktige folk med seg på kjøkkenet. Har du glømt å meløde deg på så er det enno nokre plassar ledig….
Laurdag ventar Todalen Idrettslag 80-90 gjestar til bords på det første julebordarrangementet dei arrangerer – det er veldig bra, seier leiar Nils Ove Bruset som fredag kveld var i full gang med oppdekking og forebuing til arrangementet. Og laurdag kveld blir det mykje god julemat på borda – sjølvsagt er det pinnekjøtt på bordet, og ikkje mindre enn 4 forskjellige sortar med ribbe i tillegg til medisterkaker og pølser. Ein akevitt til maten blir det også råd med – arrangementet har fulle rettigheiter.
Saman med mykje godt tilbehør blir dette bra, og vi gler oss til å ta i mot gjestane i morgon kveld, seier Bruset. Han seier at det er nokre få plassar ledig dersom det er nokon som ønsker å bli med på julebordarrangementet – ta kontakt med Nils Ove på telefon 970 81 093. Laurdag kveld kl 20 er det altså klart for servering av julemat i ungdomshuset i Todalen!