Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Full gjødselkjeller

Full gjødselkjeller

Jon Olav Ørsal Torsdag 31. mars 2011

I Austistua hos Olav Halle var gode råd dyre når gjødselkjellaren gikk full ein månad før våronna kunne starte, og ordnær møkkakjøring kunne ta til. Redninga vart å kjøre ca 100 m3 til Bruset der gjødselkjellaren står tom i år. Olav fortel at det i hans besetning blir rundt 7-800 m3 med møkk i løpet av vinteren, og han reknar med at ca 100 m3 må kjørast ut no, for at det skal halde fram til våronna tek til i månadsskiftet mai/juni.

Med tankvogn på 8,5 m3 og ei kjørestrekning på mindre enn ein kilometer er det rundt eit dagsverk å flytte unna nok til at det held til våren kjem, fortel Olav til Todalen.no

Publisert: 31. mars 2011, 19:37