Den som har lagt merke til at det er kome eit nytt lite hus som det står AGA på, har oppdaga det nye gasshuset til HalsOil. HalsOil har nemleg utvida sortimentet og fått inn propangass på lager og for salg. HalsOil er alt i gang med leveransane og det passar godt no føre påskefeiringa startar.
Det er nok naturleg for oss å utvide sortimentet til også å omfatte gass, fortel handelsmann Nordvik, som også marknadsfører bensin, diesel og smøreoljer til konkurransedyktige prisar.
Gassen leveres i 5 eller 10 kgs komposittflasker til forbrukarane, og i tillegg har dei gass på industriflasker for bruk på gaffeltruckar osv. Terje Nordvik fortel at dei har jobba lenge med å finne ei løysing for å bli gassforhandlar. No er alle formalitetar og løyver på plass og det er berre å starte salgsarbeidet.