Søndag var vel 40 unge fotballspelarar mellom 6 og 8 år frå 5 ulike idrettslag samla på Amfi Park for knøtteturnering på tvers av klubbgrensene. Dette er eit årvis arrangement med Surnadal IL i spissen, men med god hjelp frå dei 4 andre klubbane.
Knøttelaget i Todalen stilte med fem stykk og dei kunne alle saman fortelje at dei hadde ei toppers fotballøkt.

Nicole Nordvik (heilt til høgre) fekk nye venninner under turneringa. Ho fekk spele saman med jamnaldrande jenter, mot berre gutar til vanleg.

Jens Sancho Ansnes og Trygve Aleksander Halle spela på same lag, saman med andre i samme aldersklasse.
Sjå fleire bilder hos Trollheimsporten: Blomster og fotball