Om det kallast kamp eller trening spelar ingen rolle. Innsatsen var uansett upåklageleg og måla vart rekna etter kvart som dei rann inn. Knøttegjengen som møttes for andre gong for trening på Bordholmen kosa seg stort i ein stor time under litt kald vind tirsdag kveld. Dei er for små til å delta i seriespel enda, men laget har tenkt seg på ei par cupar i løpet av sesongen. I allefall på Todalsdagen i juli og Søyacupen i august.
På tirsdagens trening var dei mellom 8 og 10 aktive som deltok på fotballtreninga, mens det også møtte fleire som leika seg i leikestativa rundt om på baneanlegget. Det er plass til enda fleire, både på knøttetreninga og for dei som berre vil vera sosial i lag ein times tid.