Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Full gass for motocross i Ranheimsvingen

Jon Olav Ørsal Sundag 7. juli 2024

I helga har det vore full gass på motocrossbanen i Ranheimsvingen på Kvanne.  Polaris Nordmøre Motorsport har samla 18 deltakarar i alderen 11 – 40 år til treninsgssamling. Til instruktør hadde dei hyra inn Niclas Løken frå Bud – ein skikkeleg racer i motocrossmiljøet, som hadde mykje å lære frå seg. Deltakarar frå heile Midt-Noreg – frå Namsos i nord og heilt til Vigra på søre luten.

Deltakarane på treningssamlinga på banen i Ranheimsvingen – instruktøren Nicolas Løken lengst til høgre. Foto Jon Olav Ørsal

Det er Surnadal Motocrossklubb som eig banen som ligg i Ranheimsvingen, og har samarbeid med Rindal Motocrossklubb.  Men i helga er det altså teamet til Polaris Nordmøre Motorsport som har bruka banen til si treningssamling. Deltakarane hadde syklar med slagvolum frå 85 ccm3 til 450 ccm3, så det var eit yrande liv med supertrimma syklar som deltok i kjøringa.  Kjørarane laut følgja instruksane til instruktøren som instruerte deltakane med tegn til kjørarane. 

Starten har gått – her gjelder det å posisjonere seg så fort som mulig. Foto Jon Olav Ørsal

Det var ein entusiastisk gjeng som hadde taket på kjøringa, og dei var ikkje nøye om det var ein og annan søleputten rundt om kring på banen – det meste av lorten hamna nok i kjeldressen og på hjelmen. Det var faktisk artig å sjå på kjøringa for her var det fart og stemning og i enkelte øyeblikk kunne vi sjå kjørarane mot himmelen, men dei landa støtt og sikker på banen igjen. Forøvrig var det var som å kome på ein profesjonell motocrossbane, der dopotbilane stod opplina, slik at det var berre å stikke innom å rette på feil sum dukka opp. 

Ola Vikan med sykkelen – flankert av far og bestefar Petter og Palmer Vikan. Tenk å ha ein bestefar som er ivrig rådgjevar og sikkert nok ein god sponsor. Foto Jon Olav Ørsal

Ein av de lokale deltakarane på treningssamlinga var Ola Vikan frå Nordvik.  Han hadde med faren Petter som servicemann og bestefaren Palmer som «seniorrådgjevar» – både faren og bestefaren var nok minst like ivrig som Ola sjølv.  – Tenk å være 12 år slik som Ola, og ha ein slik ivrig bestefar som støttespelar og sikkert også sponsor.

Etter ei slik treningssamling blir det nok ny giv med trening og deltaking på motocrosstemner.  Den blir delteke i motokrosstemner rundt om kring i Noreg, og dei mest ivrige tek del i konkurransar rundt i heile landet.  -Ein artig og spennande sport – vi forstår at dette er noko som engasjerer ungdommane.  

nedafor har vi laga ei lite bildegalleri – alle foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 7. juli 2024, 06:00