Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Full fres for dei minste

Elinor Bolme Tysdag 3. november 2015

Etter 60 minutt med full fres skulle ein tru at det var greit og avslutte kveldens barneleik i gymsalen på skulen. Men det var det som vanleg ikkje stemning for. Dei oppmøtte ungane leika seg med ulike aktiviteter i eigen regi. Særleg attraktiv var nok den nyinnkjøpte trampetten som Todalen Idrettslag hadde kjøpt til skulen. Idrettslaget hadde også kjøpt inn nye solide småmål som takk for lånet av gymsalen.

 

nicole alexandra

Nicole og Aleksandra trives godt i lag, også på kveldstid.

image

Ylva testar ferdigheitene i ringane, medan Lars Ailo prøve å få mor såpass varm at ho lyt kaste dunjakka.

image

Ingebrigt og Edvart mot resten i erterposekasting.

image

Ingebrigt hadde dreisen på trampetten. Markus, Nora og Ylva ventar på klarsignal.

 

 

 

 

Først publisert: 3. november 2015, 06:00 - Sist oppdatert: 2. november 2015, 22:28