Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Full ferieaction på Bordholmen…

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. juli 2017

Dei siste par vekene har det vore stor aktivitet på Bordholmen – arbeid for ungdom i kommunal regi har gjeve sommerjobb til 4 ungdomar og ferieaktivitet til opptil 11 born.

Godt for ungdomane å tjene seg nokre kroner til dei sjølve skal dra på ferie, og for borna er det viktig å nokon til å passe på, medan foreldra er på arbeid.  Gjennom dei to vekena har dei drive med fleire aktivitetar – strandliv og bading, tur til Gunnøya med grilling, rydding og vasking på Bordholmen, fotball og anna leik.  Når det har vore grisevêr har dei bruka gymsalen på skulen til ymse aktivitetar. Men no er dei ferdige for i år – fredag er siste dag og så blir det ferietid for alle.

Dei fire som har vore aktivitetsleiarar desse to vekene er frå venstre Emma Sæther, Eirik Telstad Hanssen, Oda Kårvatn og Jens Olav Moe. Foto. Jon Olav Ørsal

 

 

 

Publisert: 6. juli 2017, 14:05