Den siste tida har snømangel hemma aktivitetane i lysløypa på Tjønnmyra. Snøfallet dei siste par dagane, saman med litt kulde har sørga for perfekte forhold i lysløpa etter at Ståle har preparert løypa i dag tidleg.
Med 5-6 kuldegrader og snø i trea var det reine julkortidyllen i lysløypa i kveld. Stor aktivietet var det også, med både store og små skiløparar i skjønn forening. Det er meldt litt kaldvêr eit par dagar, før det blir mildare mot helga og kanskje nokre regndråpar. Så no gjeld det å bruke lysløypa medan det er så fine forhold.