Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Full fart på skytebanen i Ranheimsvingen

Jon Olav Ørsal Tysdag 9. juli 2019

Det var godt oppmøte på skytebanen da Søya og Todalen skytterlag arrangerte skyteprøve for storviltjegrar måndag kveld. Alle som skal på storviltjakt må kvart år ta obligatorisk skyteprøve, der ein først må skyte 30 prøveskott, og så 5 skott og 5 treff på dyrefigur for å få godkjent skyteprøve. 

Treffsikre jegrar – det var mest klistring i «svarten»! Foto: Jon Olav Ørsal

Måndag var andre gong det var arrangert skyting i år, og det er tydeleg at mange startar tidlegare for å minke stresset på skytebanen dei siste kveldane. Det blir no jaktskyting kvar måndagskveld resten av juli, og heile august. Siste kveld med skyting blir altså 26. august. Tidsrommet er 18 – 20 disse måndagskveldane.

Håvard Hallset ordna med ammunisjon, oppgjør og utskriving av kort. Foto: Jon Olav Ørsal

Ventar på tur – frå venstre Magnar Gjeldnes, Terje Kvande, Geir Forbregd og Jan Ove Bævre . Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 9. juli 2019, 04:00