Ski- og friidrettsgruppa i Todalen idrettslag arrangerer aktivitetar på Tjønnmyrå måndagskveldane. Dette er eit fint tilbud for små og store, og er i staden for lagseriestemne på Bordholmen.
Her var det full fart i klatreparken da todalen.no stakk innom. Både ungar og foreldre trena styrke, balanse og smidigheit der. Det var også kjekt å sjå at ungane hjelpte kvarande gjennom hindra, og at dei yngste fekk god hjelp av dei litt eldre.
Somme tok seg tid til å ete blåbær oppi bakkane, og medan andre leika gjømsel og andre leikar. Somme tok seg også ein skogstur. Det vart servert frukt til alle, og både ungar og vaksne kosa seg. Men arrangørane hadde nok håpa på større oppmøte, så dei ønsker fleire velkomne neste gong.
Det kan bli aktuelt å flytte måndagsaktivitetane til Bordholmen igjen seinare. Dette kjem det opplysningar om i kalenderen her på todalen.no.
Nokre fleire bilete her: