Todalen Mjølk er i full gang med slåtten – i løpet av helga er det plana å slå minst 1000 mål av til saman rundt 2000 mål som dei driftar. Og jammen går det unna når ein slår 2×3 meters bredde og kjører rundt 20 km i timen med slåmaskina. Vi snakka såvidt med odd Harald Talgø som satt bak rattet på traktoren, og han fortalte at det er mykje gras i år.
Etter at slåmaskina har gjort jobben må graset rakes saman, før pakkemaskina sørgjer for å lage silioballar som pakkes i plast og samles opp for lagring til vinterfôr. No gjeld det å nytte finvêret, for i løpet av onsdag og torsdag i neste veke er det atter meldt regn.