Det er no fine forhold i alpinsentret og anlegget er for lengst kome i gang med drifta. I jula har det vore opningstider tilpassa skulefri og ferie, men no er ein i gang med ordinær opningstid. Det vil seie at anlegget er ope alle dagar unnateke tysdag og fredag. På kvardagar er opningstida 18-21, medan det på helg er ope 11-16. Opningstider kan avvike grunna vær- og føreforhold. Sjå oppdateringar på alpinsenterets Facebookside

Det er no godt med natursno i tilleg til ein god såle med kunstsnø – bilder er fra bakken ovafor heishuset. Foto Tore Korsnes
Ordinære opningstider vinteren 2024 for Surnadal alpinsenter

I bakken kan du treffe både store og småe skientusiastar – og både kjente og ukjente. Foto Tore Korsnes
Måndag: 18:00-21:00
Tysdag: Stengt
Onsdag: 18:00-21:00
Torsdag: 18:00-21:00
Fredag: Stengt
Laurdag: 11:00-16:00
Søndag: 11:00- 16:00
Kjøp kort via nettet:
Alpinsenteret tilbyr kortkjøp via nettet – i år er det forresten lansert eit nytt system, slik at du kan kjøpe heiskort før du kjem til alpinsenteret og kan gå rett i heisen når du kjem.
Dette kan du lese meir om på nettsida, der du kan kjøpe både 3-timerskort, kveldskort og dagskort i tillegg til sesongkort og familiekort.
Du finn elles all informasjonen du treng på heimesida til Surnadal alpinsenter.
Surnadal alpinsenter er medlem i Todalen.no