Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Full dekning gjennom heile tunnelen

Elinor Bolme Onsdag 29. mars 2017

Montørar frå TC Connect har i dag oppgradert til full radiodekning med DAB+ gjennom Svinviktunellen. Så om du har ein oppdatert DAB-radio i bilen din, er det no sending gjennom heile tunnelen.

Kjell Arne Myre og Knut Arne Kvernstad var ferdige med dagens dekningsoppdrag, og tok ein matbit på Matkroken før dei for ut av bygda..

TC Connect har kontrakt på leveranse av DAB-basert kommunikasjon for tunnelsystem i fleire stadar i landet. Leveransane inneheld også oppgradering av elektroniske vegskilt samt vedlikehald av anlegg. 

Publisert: 29. mars 2017, 22:46