Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Full byggeaktivitet i Smålandsgrenda…

Jon Olav Ørsal Tysdag 17. mars 2015

I Smålandsgrenda er det stor aktivitet på byggefronten. Nerbøen (Skortinn i daglegtale) er under omfattande restaurering, og blir etterkvart mesta som ny. På nabotomta Midtbø (Stuå i daglegtale) er det nybygg på gang – og travelt var det på begge byggeplassane. Kåre Stenberg mura nye murpiper over det nye tretaket i Nerbøen, og i Midtbø vart det klargjort for støyping av ringmur og plate for å sette opp nytt elementbygg. Skortinn_Utvendig_5638

I Midtbøen er det Steffi og Carsten som har starta arbeidet med nybygget. Dei gamle husa vart rive og brent i fjor haust. Etterpå er tomta rydda og klargjort for nybygg. I det fine vårvêret dei siste par vekene er det no klargjort for å støpe ringmur og plate ein av dei første dagane. Etter påske vil arbeidet med nybygget starte på, og med elementbygg frå MøreTre vil ein få tett bygg i løpet av nokre dagar. Carsten reknar med at det blir haust før han og Steffi kan flytte inn i nytt hus.

GunnarN&LarsK_5639

Her blir det nok ikkje golvkaldt! Gunnar Nordvik og Lars Kvendset legg isopor som skal støypast ned, under sålen. Foto: Jon Olav Ørsal

I Nerbøen er det Toril Redalen og Eduardo Ortega som no rår grunnen. Gjennom vinteren har husa gjennomgått ei omfattande renovering, både utvendig og innvendig. Utvendig er det nytt tak, nye murpiper og delvis nye vindauge og kledning. Innvendig blir det også mykje nytt. Toril og Eduardo reknar med at det skal være klart til flyttesjau i overgangen mellom vår og sommar ein gong.

EduardoOrtega_murstein_5632

Eduardo frakta murstein til muraren. Det er nok fin oppkjøring til Birkebeinerrennet i helga, der Eduardo skal delta. Foto: Jon Olav Ørsal

KåreStenberg_murer_5631

Kåre Stenberg sørgeer for at det blir nye murpiper. Foto: Jon Olav Ørsal

CarstenB_gravemaskin_5513

Klargjøring for støyping av ringmur og plate. Carsten og Arne Gjeldnes (i gravemaskina) Foto: Jon Olav Ørsal

 

Først publisert: 17. mars 2015, 20:43 - Sist oppdatert: 12. januar 2017, 08:44