Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fuchsia i lange baner…

Fuchsia i lange baner…

Jon Olav Ørsal Sundag 5. august 2012

I helga har Svanhild Hogstad (Steinarstua) utstilling og salg av Fuchsia på Todalshytta. Ho starta laurdag, og skal fortsette søndag. Det var mange som var innom for å sjå den imponerande utstillinga av Fuchsia, og mange var nok interessert i å kjøpe. Svanhild fortel at det finns eit førtital variantar av Fuchsia, ho viste da også mange forskjellige variantar og storleikar i utstillinga. Dei største var eit par meter høge og var rundt 10 år gamle.

Fuchsia tåler ikkje frost, så dei må oppbevarast innendørs og frostfritt om vinteren. Det første året må dei ha lys og må passast på, men seinare når stammen blir treaktig kan dei settast i frostfri kjellar gjennom vinteren. men sjølv om dei står i kjellaren må dei vatnast litt, slik at dei held seg fuktig.

Ta turen til Todalshytta og sjå utstillinga, som også er opa utover søndagen.

Her kan du sjå bilde frå utstillinga på Todalshytta.  alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 5. august 2012, 10:40