Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Frostnatt

Frostnatt

Jon Olav Ørsal Laurdag 12. november 2011

I natt har temperaturen har det vore godt under nullen. Den lågaste minimumsterperaturen vi har fått rapport om i morgontimane er mellom 5 og 6 kuldegrader på Kvennset. Den rå skodda vi opplevde i går kveld har nok dekorert både tre, hus og anna ting i løpet av natta i kombinasjonen med nattfrosten. Det er sikkert mange som har vore ute med kamera i dag, og vi tek gjerne mot slike bilde dersom vi får dem i e-postboksen vår i løpet av dagen. Vår e-postadresse er red@todalen.no .

Etter kvart er det lite sol, da høge fjell og bratte lier stenger sola ute for i år. I Brusetmarka har nok sola takka for seg i år, og blir nok fråværande til godt utpå nyåret. På Kvennset er det enno sol nokre dagar, men snart tek sola «pause» for i år der og.

Det er også meldt bra vær  søndag og vidare utover veka, men vi får stigande temperaturar frå i kveld melder yr.no på si nettside.

Publisert: 12. november 2011, 16:25