Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Frostnatt

Frostnatt

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. september 2011

Etter ei klår og kald natt var det rim på marka i dag tidleg. Det elektroniske termometeret viste 0,0 grader som minimumstemperatur, men på marka har nok temperaturen tippa under nullen. Det er første natta at nullen er tangert, men det blir nok fleire etter kvart no. Det er også kome litt snø på toppane, og det skjedde nok natt til 15. september etter som vi har observert. Det er nok normalt at det er nattkaldt i klåre haustnetter i september.

Dersom du ikkje allereie har gjort det, så er det nok på tide å ta inn knollar og liknande som ikkje tåler frost. Det gjelder til dømes «Skaugumknollar» o.l.

Publisert: 17. september 2011, 09:44