Språk og det å skrive kan være vanskeleg. Å skrive godt enda verre. I Gran kommune har dei sett fokuset på dette og her kjem Åse Torill Krågsrud sin interesse for korrekt norsk språk godt med. Ho er tilsett som kommunikasjonsrådgjevar i informasjonsavdelinga i Gran kommune, og under aliaset Frøken Språk har ho saman med sine kollegaer jobba for å forenkle det kommunale ordforrådet i kommunen.
Prosjekt har fått det klingande navnet «Klarspråkarbeidet» og skal forenkle eit gammeldags og til dels utdatert språk i alle kommunale dokument. Ein av tre nordmenn har nemleg problem med å forstå ulike kommunale dokument. Til tross av at ni av ti saksbehandlarar tykkjer dei skriv forståeleg.
Og det er i følge det nyaste medlemsbladet til Fellesforbundet; «Fagbladet» tydeleg å sjå at ho er både engasjert og god til å «vaske». Her er Gran kommune sitt arbeid med Åse Toril i spissen fått 6 heile sider, pluss framsida!
Åse Toril er oppvakse i Todalen og fekk tidleg interessa for norskfaget gjennom barne og ungdomsår i Todalen. -Eg må nok takke mine tre gode norsklærarar Signe Grønmyr, Nora Vetleseter Bøe og Einar Sødergren for både interessa og engasjementet for faget. Og naturleg vis mor May-Elisabet og far Tor Holten for interessa for å gjere vanskeleg informasjon enkel å forstå, seier Åse Toril.
Vi anbefaler å sjå heile artikkelen om Åse Toril sitt arbeid her: Vil skrive så folk forstår