Tysdag kveld var det tid for årsmøte i Todalen.no – og tid for å heidre Frode Grønmyr som vinnar av konkurransen «Dagens bilete» som altså vart til årets bilete for 2014. Det blir først konkurrert om månadens bilete – med konkurranse kvar dag og premiereing for månadens bilete – dei tolv finalistane går så vidare til konkurransen om årets bilete. Det er andre gongen at Frode går heilt til topps i konkurransen om årets bilete – han vann nemleg konkurransen i 2012 også, og han blir nok å rekne med vidare også! Vi gratulerer med seieren, og premien er ei innrama forstørring av vinnarbiletet – som har motiov frå silislåtten!
Eller vart årsmøtet fort og greit avvikla, med nestledar Jo Gjeldnes som ordstyrar. I tur og orden vart rekneskap og årsmelding godkjent og heller ikkje vart det nokre problem med valet, der leiar Sondre Halset vart attvald og på same måten vart det attval av dei tre styremedlemane som stod på val, Mari Redalen, Elisnor Bolme og Jon Olav Ørsal. Jo kjørte som siste programpost ein presentasjon som viste utviklinga i Todalen.no fra starten i 2009 og fram til jubileumsåret 2014. Todalen har hatt nærare 1,5 mill besøk og nær 200.000 unike beøk sia starten i august 2009, og har framleis over 20% auke i besøkstala for 2015.
Det siste året er det brukt ein del ressursar på å oppgradere nettsida, slik at ho er klar til å møte framtidas teknologi som bevegar seg mot mobil- og nettbrettbruk – i 2015 kan vi faktisk få oppleve at mobilbrukarane kjem i fleirtal!