Deler av styret i Start 4H velger å avlyse fritidsklubben med tilhald på Bordholmen resten av året. Dette fordi det dei siste gongane har vore tendensar til uro blandt dei frammøtte. Dei eldste i styret har stått for dette tilbodet, og ser seg ikkje råd til å fortsette å oppretthalde tiltaket når det skal vera slik.
Fleire ungar har vald å ikkje møte til tilbodet fordi dei tykkjer det rett og slett er utriveleg å vere der.
Todalen.no var innom dei først på kvelden, medan det enda gjekk roleg for seg og tok nokre bilete.
Christian Rovik handlar frukt av Marte Talgø. Astrid Longva Kvendset i bakgrunnen.
Sukkerfri månad gjer utslag i kioskutvalget. Koppar med frukt gjer susen! Frå venstre; Thommas Aune, Christian Rovik, Ola Bolme og Frikk Hauglann Talgø.
Biljardbordet er flittig bruka. Steinar Gjeldnes ved køllene 🙂
Kevin Anders Brusethaug prøvar seg på bordtennis.