Det er ikkje berre laksefiskarar og fjellturistar på Todalshytta. Tysdag er fast balldag , fortel Åse Grydeland Øyen som er vertinne og kjøkkensjef på 10. sesongen. Ho fortel at det er mange som nyttar høvet til eit godt måltid med slik tradisjonskost på tysdagane.
Ho serverer nemleg potetball med bacon og pølse, med potet og koka gulrot og kålrot til. Stekt løk hører også til seier Åse som har med seg den tradisjonen frå Nord-Trøndelag. Og det er da godt, ho har rett i det! Stikk innom, for ballgryta er klar til servering.