Sist onsdag var det kjøtt og påsse på menyen på Eldremiddag, da dei feira «feittysdag» litte grann forsinka. Eit stort tjuetals gjestar hadde benka seg rundt 2 langbord, da kokkane Karen Johanne Talgø og Jorunn Ørsal serverte kjøtt og påsse, med suppe og fullt tilbehør til heile gjengen.
Majoriteten av gjestane var nok frå Todalen, men det var også gjestar mellom anna frå Surnadal. Kokkane fekk mykje skryt for maten og oppdiskinga og praten gjekk lystig rundt borda i Sanitetshuset denne dagen. Reidar Østvik bidrog med litt undehaldning fra Todalsboka til Leif Halse, før det var servert kaffe og kaker etterpå.
Neste eldremiddag blir no om 14 dagar – onsdag 11. mars, same sted og til same tid kl 13.00, melder styret for Eldremiddagen.