Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Friske takter på tampen av gammelåret…

Jon Olav Ørsal Torsdag 31. desember 2015

Det må da vel høve godt å avslutte friluftslivet år med eit par ferske bilder frå friluftaktivitetar i nærmiljøet på nyttårsaftan. Det friskaste bildet kjem frå støa i Ansneset, der det var eit hektisk badeliv i dag. Blar du deg vidare så finn du bilde av fotballaktivitetar på Bordholmen, der gubbetrimmen alt har starta oppkjøringa til ny kamp mot Bøfjorden – etter tapet tidlegare i år.

Det er da fint å kunne utnytte mildvêret på denne måten – det var faktisk målt nattetemperaturar på rund 14 plussgrader natt til nyttårsaftan, og fotballbanen på Bordholmen var grøn og fin, og  bra deltaking på fotballtreninga.

Vi i redaksjonen ønskjer alle våre lesarar eit godt nyttår!

Nyttårsfotball_6060

Nyttårsfotball – framfor Ola, fremste rekkje Eduardo, Endre, Steinar, Ivar Helge og Trym. Attafor: Kristoffer, Brage, Edvart, Emil, Ola og Knut. Foto: Jon Olav Ørsal

Klarfor bad_6042

Heile badegjengen før det bar til sjøs – frå venstre Torill, Olaug, Steinar, Lars, Kjetil, Brit, Ragna og Karin. Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 31. desember 2015, 16:07