Det er tydeleg at vandring i lokalhistoria er populært for folk som har levd ei stund. Denne gongen var det vegane i Åsbøhauan og innover til Sjøleet, og vidare ned til Sjøtrøa som var tema da Nordvik Grendalag, Stangvik historielag og Todalen historielag inviterte. I det fine vêret var det rundt 50 deltakarar som møtte ved Åsbøsommarfjøset, for å bli med på vandringa som starta i Åsbøhauan, og gjekk etter gammelvegen opp til Åsbøen.
Det er vel ikkje så mange som veit om den gamlaste vegen her, men det er faktisk kome 2 nyare generasjonar – den siste da ny bru og ny veg kom i 1999. Anna Ingeborg Nordvik og Jon Reidar Husby fortalte om husmannsplassen Brubakkan frå 1880 åra, og elles historier knytt til vegen og vegarbeidet i Åsbøhauan. Det var nok mange bratte bakkar etter gammelvegen, og mange episodar som oppstod. Vegen nedover mot Sjøtrøa gjekk i starten gjennom tunet i Sjøleet, og vidare nedover skogen. Her passerte vi plassen Vegaskiftet. Som namnet tyder så var det her fleire vegar/stiar skilte lag – ein gikk til Nordvik, ein til Sjøtrøa og ein til Haltbakkan.
Husmannsplassen Vegaskiftet var det mesta ikkje noko synleg spor etter, anna enn ei gammel og utsliten jarngryte som låg i tomta. Inger Nærum som var med på vandringa kunne fortelje at oldefaren hennar kom herifrå. Mesta heile familien flytta til Michigan i USA. Det kan du forresten lese om i Stangvik historielags årsskrift for 2020 og i bygdeboka. Vidare på turen ned mot Sjøtrøa passerte vi nok ein husmannsplass – Nausthaugen. Her er det berre eit reiskapshus som står på fjøsmurane som er igjen men ein kan sjå konturane av tomta til våningshuset like ved.
Nærare sjøen var det og ein buplass Åsbønausta. Her var det drive handel – seinare var denne verksemda flytta til Nordvik og husa her kom bort. Seinare vart det veg utover til Haltbakkan. – Lilly Gunn Nyheim fortalte at vegen utover til Haltbakkan kom først i 1960 og ho hugsar det skjedde den 20 september, fordi første bilen som køyrde til Haltbakkan var Per Bakkå som køyrte drosje. Han kom med jordmora da Lilly Gunn kom til verda. Før den tida var det berre ein sti utover til Haltbakkan.
Siste post på programmet var besøk i Sjøtrøa og omvisning på museumslåven – og ikkje minst ein velfortent kaffepause. Per Sjøtrø og kona Kirsti Dyrnes tok vel i mot med nystekte vaflar og kaffe på tunet – noko folk satte stor pris på. Per og Kirsti bur i Kristiansund, men har Sjøtrøa som ein fristad og har mykje tilhald her – spesielt etter at dei vart pensjonistar. Det var oldefaren Jon Olson Kvande som kjøpte Sjøtrøa og busette seg her. Etterpå overtok Lars Sjøtrø, men han døde ung og Marit Sjøtrø overtok som 18-åring og dreiv Sjøtrøa fram til 1960. Da overtok faren Peder, som var søskenbarn med Marit og seinare er det no altså Per og Kirsti som eig Sjøtrøa.
Her vart det altså ein lang og god kaffepause, og Nordvik grendalag arrangerte lynlotterie og fell inn ein god slump med pengar til drift av laget. Vi seier berre takk for turen i det fine sommarværet!