Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Friluftsrådet med ny Stikk Ut! sesong og APP

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 14. april 2021

I ei pressemelding frå Nordmøre og Romsdal friluftsråd no i ettermidda blir vi informert om den nye sommarsesongen og lanseringa av APP. Stikk UT! starter sommersesongen 1.mai, men allereie 14.april kan du sjå årets 470 turmål i den nye Stikk UT! APPen. Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal og Sunnmøre friluftsråd er særs godt nøgd med Stikk UT! APPen og gler seg over at folk kan ta den i bruk for å gå på tur i heile Møre og Romsdal og i Heim i Trøndelag.

Friluftsrådet inviterte samarbeidspartnarane og sponsorane ut på tur til Julneset for utprøving og marknadsføring av den flunkende nye Stikk UT! APPen. Der fekk alle bli kjent med APPen og arbeidet som har vore gjort, samstundes som dei gjekk til Stikk UT! turmålet. Vel framme ved turmålet vart det servert bålkaffe og bakst. Det er Sparebanken Møre, Gassror, Amedia og Møre og Romsdal fylkeskommune som har bidrege med midler til at APPen kunne bli ein realitet. Friluftsråda i Møre og Romsdal er særs glade for at APPen er gratis å bruke. Til utvikling av APPen har dei hatt med seg bedriftene Nivero og TIBE. Til dagleg er det Marte Melbø, May Britt Haukås og Liv Synnøve Hoel som jobbar med Stikk UT! medan det er Patrick Gule som har hatt ansvaret for utviklinga av den nye APPen.

Fra venste Finn Tangen fra Sparebanken Møre, Ola Fremo-daglig leder Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal og Marte Melbø-Stikk UT!-ansvarlig Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal. Utveksling av sjekk og app. Foto: Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal

APPen har mange spanande funksjoner og gjev deg mykje god informasjon til ein god turopplevelse. Den har eit godt kart, der ein enkelt kan sjå kvar man er i høve til stien. Det er lett å finne Stikk UT! turmål og den viser turar nær deg. Innlogginga er enkel med samme brukar som på stikkut.no og enkel å registrere for nye deltagere. Man får opp push-varsler når man nærmer seg turmålet og trenger bare å godta koden som er forhåndsutfylt. Appen kan lastes ned fra 14.april og gled dere til å ta den i bruk!

Nivero har fleire dyktige tilsette som har jobbet iherdig med Stikk UT! APPen i lang tid. Dei har delteke i prosessen heilt frå starten av, saman med TIBE. Det har vore mange rundar med utprøving av APPen, gjennomføre endringar, lage eit godt design og utvikle den til det den framstår som i dag. Prosessen har vore prega av eit positiv engasjement med god kompetanse i eit godt samarbeid.

Petter Jenset fra Møre og Romsdal fylkeskommune gratulerte med Stikk UT! APPen og sier: – Samarbeidet med friluftsrådene om morotur er veldig viktig, noe  friluftsrådene også understreker. Nå som en egen Stikk UT! APP er på plass kan morotur-APPen avvikles med god samvittighet. Samstundes understrekar han at nettsida morotur.no skal bestå slik den gjer i dag. Det er frå denne nettsida Stikk UT! hentar alle turomtalane sine frå.  

Sparebanken Møre har vore hovud-bidragsyter, slik at arbeidet med ny APP kunne starte opp. Sparebanken Møre er fylkets største bank, og har kvart år, siden 2003, gjeve samfunnsutbytte attende til samfunnet. – Vedtektene sier at midlene skal gå til allmen-nyttige formål, seier Finn Tangen i SMB. Han fortsett: – Stikk UT! og Sparebanken Møre er en veldig god match. Stikk UT! bidrar til bolyst og bedre oppvekstsvilkår i hele fylket, noe som kan medføre til at unge familiefolk blir boende og at det blir mer fristende å flytte tilbake for de som er ute og studerer. Gjennom støtte til utviklingen av denne appen har sparebanken vært med på å sørge for at Stikk UT! blir enda mer tilgjengelig for alle. Stikk UT!-APPen er et verktøy som alle kommer til å ha med seg i lomma til enhver tid.

At Stikk UT! vart kåra til «Årets Regionbygger 2020» av fylkeskommunen, statsforvaltaren, NAV og KS i Møre og Romsdal – understrekar at Sparebanken Møre, Gassror, Amedia og Fylkeskommunen bidreg til eit tilbud som er ei samlande kraft for heile fylket.

Publisert: 14. april 2021, 14:39