I ei pressemelding frå Friluftsrådet Nordmøre og Romadal no i ettermiddag får vi informasjon om eit heilt nytt tilbod i Stikk UT! Familien, nemleg Stikk UT! SAMMEN. Bakgrunnen for konseptet er at Frilutsrådet ønskjer at fleire «seniorar» skal kome ut på tur, og håper difor at «Stikk UT! SAMMEN» prosjektet skal bidra til nettopp dette.
– Det siste året har koronapandemien gjort noe med oss, vi har blitt oppfordra til å reise mindre, aktiviteter har blitt stengt ned og vi har hatt begrensinger i sosial kontakt. Mange flere har kanskje følt på isolasjon og ensomhet. Å få flere seniorer ut på tur, få frisk luft og ta en kafferast sammen er hovedmålet i Stikk UT! SAMMEN. Vi oppfordrer folk til å opprette sine egne turgrupper og gå minst 10 turer sammen i 2021. Friluftsrådet ønsker å få flere seniorer ut på tur gjennom prosjektet Stikk UT! SAMMEN. Nå er vi i gang!, skriv dei i pressemeldinga si.
Turgruppe med to eller fleire
Alle seniorar kan i utgangspunktet starte si eiga trugruppe og invitere med seg til dømes: naboar, gamle kollegaer eller andre ein ikkje ser så ofte. Personar i alle aldrar kan invitere med seg «seniorar» ut på tur. Til dømes kan studentar invitere med seg «seniorar» ut for å få selskap på Stikk UT! turen.
Verktøya i Stikk UT! SAMMEN kan òg takast i bruk av Frisklivsentralar, Frivilligsentralar samt valfaget «Innsats for andre» i ungdomsskulen. Friluftsrådet har teke kontakt med ulike personar i målgruppa og fått god innsikt i korleis dei ønskjer å gjere det, og kva dei treng for å kome i gang. Det skal vere enkelt å bli med, inviter difor med deg ein «senior» ut på tur. Påmelding gjer ein ved å sende enkel kontaktinformasjon til Friluftsrådet, og får då Friluftsrådet si brosjyra med turlogg. I tilleg kan alle bli med i den opne facebook-gruppa Stikk UT! SAMMEN. Der blir det utveksla informasjon, ein kan søke etter turvener og dele bilete og inspirasjon. På sikt arbeider Friluftsrådet òg med ei større digital løysing.
Fleire grupper er allereie i gang
Friluftsrådet har inngått eit samarbeid med Friskliv og mestring og frivilligkoordinator i Kristiansund kommune og Friskliv og mestring i Rauma kommune. I Kristiansund har dei fast tur på tysdagar frå Dunkarsundet og i Rauma har dei ei gruppe som går fast på torsdager. Etter første fellesturen frå Dunkarsundet har fleire små turgrupper blitt etablert i Kristiansund med 3-4 deltakarar som no går fast saman. Ei av gruppene er «Firkløveret», ei turgruppe med 4 damer som allereie er i gang. Marianne Lystrup, Grethe Lillevik, Astrid Hansen og Tove Saltkjelvik har gått 5 turer saman og har fått utdelt kvar sin termos med Stikk UT! SAMMEN-logo som belønning. Totalt har dei gått 12 turar og dei går både på turar i nærområdet og Stikk UT!-turar. «Snart 70» er ei anna turgruppe med 4 turvener som går på Stikk UT!-turar og dei er òg i full gang med turar saman. I Molde er det òg fleire grupper som er i startgropa. Friluftsrådet har som mål å etablere grupper i alle medlemskommuner sine på Nordmøre og i Romsdal samt Heim i Trøndelag.
Kvar går turen?
Turgruppene kan sjølv velge når og kvar dei vil gå. Det kan vere nærturar der dei bor, gå til Stikk UT!-turmål eller til same stad kvar gang. Nokon vil helst ha ein fast dag, tid og oppmøtestad. For nokon kan kaffepausen vere like viktig som sjølve turen. Brosjyra til Stikk UT! SAMMEN inneheld ein turlogg, der gruppen skriv ned turane sine og kan notere kontaktinformasjon for sine turvener.
Eit supplement til andre turtilbod
Det er mange som har turtilbod til «seniorar» og vi vil at Stikk UT! SAMMEN skal vere eit supplement til allereie eksisterande tilbod og ikkje ein konkurrent. Lag og foreiningar kan ta verktøya i bruk for å skape nye tilbod når andre tilbod er stengt, og dei kan brukast til å blåse nytt liv i turgrupper som slit med rekruttering eller som har vore nede ein periode. Prosjektet er i regi av Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal med midler frå Statsforvalteren i Møre og Romsdal.
Pressemeldinga kan du lese her: «Stikk UT! SAMMEN»
Friluftsrådet ønskjer velkommen til