Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Friluftslivsveke med mange spennande arrangement og turar

Dordi Jorunn Halle Tysdag 30. august 2016

Startskotet for Friluftslivsveka 2016 i Surnadal kommune skjer laurdag 3. september. Da arrangerer Røsslyngen 4 H og Surnadal jeger- og fiskerforening fiskekurs for foreldre og stranddag på Mjøksanden i Bøfjorden. Her kan foreldre, besteforeldre og andre interesserte lære å fiske slik at dei kan ta med ungar på fisketur. Åse Børset er instruktør.

IMG_9132

Benjamin Skålvik Rønning er leiar i Røsslyngen 4H og Kristin Bøklep er nestleiar. Foto: Dordi J H

Kristin Bøklep og Benjamin Skålvik Rønning frå Røsslyngen 4H fortel at det blir  høve til å låne fiskeutstyr, båtar og kanoar. I tillegg blir det natursti, krabbefiske, ymse konkurransar, matsalg og høve til å grille fisken. Det er ei fin og romsleg jordgamme på Mjøksanden, og det er fint å setje opp telt, slik at dei som vil, kan overnatte til søndag. Organisasjonen Norsk Friluftsliv oppfordrar nemleg flest mogleg til å sove ute natt til 4. september, – «nattinaturen». I fjor overnatta over 90 000 personar ute i samband med «natt i naturen», så enten kan ein finna sin eigen fine soveuteplass eller ta turen til Mjøksanden. Kristin og Benjamnin håpar at riktig mange kjem til Bøfjorden og blir med på denne friluftsdagen, opplegget passar for alle. Og  alle er velkomne seier dei!

Farger_FU_Logo-051

FRILUFTSLIVSVEKA 2016

Friluftslivsveka er frå 3.- 11. september, og Norunn Holten frå Kulturavdelinga i Surnadal kommune fortel at det skjer mykje med friluftsliv i heile kommunen denne veka. Surnadal kommune er medlem i Nordmøre og Romsdal friluftsråd, men kommunen legg ikkje opp til noko eige arrangement, dei oppfordrar heller innbyggarane til  å delta på alle arrangementa som dei frivillige organisasjonane legg opp til. Norunn Holten er overraska over kor mange arrangement som står på plana ei tilfeldig veke på seinsommaren. «Dei frivillige organisasjonane gjer ein kjempeinnsats for legge til rette for eit godt og aktivt friluftsliv i kommunen vår. Det er rett og slett imponerande,» seier ho. Målet for Friluftslivsveka er å få flest mogleg ut  naturen for å ha det moro og skape gode minne for dei som er med.

IMG_9145

Denne fine gapahuken ligg ved Surna, Austigard på Tellesbø. Det var her Norunn Holten, Kristin Bøklep og Benjamin Skålvik Rønning orienterte om friluftsveka. Foto: Dordi J H

Søndag er det Trollheimsmarsj frå Todalen til Ålvundeidet, og torsdag arrangerer Bæverfjord idrettslag familietur til Svartvatnet der det blir servert kveldsmat. Fredag blir det ulike arrangement på Skei med utemat som tema, her blir det mellom anna høve til å søke råd hos ein soppkontrollør på Kulturhuset. Søndag 11. blir det guida tur til Snota arrangert av Norsk Vandrefestival og iTrollheimen. Kanskje blir det konsert på toppen av Snota, Gøran Bolme er guide og stiller med gitar. Same dagen leier ordførarane i Rindal, Surnadal og Halsa tur til Blåfjellet. Her er det start frå Rognskogan i Halsa, men Blåfjellet, 768 moh, ligg så vidt i Surnadal kommune.

Da er det berre å håpe på godt turver og at riktig mange sluttar opp om Friluftslivets veke.

Annonse_Friluftslivets_2016

Først publisert: 30. august 2016, 16:27 - Sist oppdatert: 31. august 2016, 09:54