Pressemelding frå Surnadal kommune:
«Friluftslivets uke» i Surnadal, 31. august – 8. september 2024.
Natt i naturen:
Veka startar med «Natt i naturen» natta mellom laurdag 31. aug. og søndag 1. sept.
Ta med deg slekt og venner på overnatting ute denne natta! Bruk hengekøye, trampoline, gapahuk, eit enkelt liggeunderlag på bakken eller det som måtte passe deg best! Å telte i hagen er godt som gull! Her er nokre plassar i Surnadal kommune som kan passe for den som gjerne kan tenkje seg å overnatte ute, men som helst vil ha ein do i nærleiken:
Grend Stad
Todalen Tjønnmyrane
Bøfjorden Mjøksanden
Kvanne/Stangvik Søysetøran, Svissholmen, lysløypa Vang
Nedre Surnadal Svartvassområdet, Kvenndalen (Kvennbu),
Kalkstranda.
Kvanne/Stangvik Søysetøran, Svissholmen, Lysløypa Vang.
Grendeplassen.
På alle desse plassane er det også gapahuk eller liknande, viss det skulle bli nedbør. Ta med mat, godt med klede og gjerne eige dopapir!
Lokale arrangement:
Onsdag 4. september kl. 19:30: Lesestund for vaksne i kvilebua på Kavlvegen kultursti.
Vi fyrer opp på grua og byr på høgtlesing av tekster som naturleg høyrer heime på denne unike plassen. Vi har med oss biblioteket på laget; sidan det og er «Nasjonale bibliotekdagar» denne veka, passar det godt med ein kombinasjon av friluftsliv og litteratur.
Enkel servering.
Arr.: Surnadal bibliotek og Stikk UT! i Surnadal kommune
I tillegg held Nordmørsmusea ope på Åsen bygdemuseum frå kl. 18.00 til arrangementet på Kavlvegen startar. Opne utstillingar og høve til å kjøpe kaffe og bakels.
Fellestur til Liabekken
Tysdag 3. sept. Kl. 18:00: Oppmøte på Sandholten, Sande.
Meir info på facebook-sida til ØSIL. Arr.: ØSIL
Sjå meir om kva som går føre seg denne veka på «friluftslivetsuke.no».