Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Friluftslivets uke» i Surnadal blir på Tjønnmyran

Jon Olav Ørsal Tysdag 7. september 2021

4.-12. september blir «Friluftslivets uke» markert med arrangement over heile landet. I Surnadal inviterer Todalen idrettslag i samarbeid med kommunen til friluftstreff for store og små ved gapahuken på Tjønnmyran onsdag 8. september kl. 18.00. Det er meldt dårleg vêr, men det blir arrangement uansett, så ta med regntette klede og vanntette sko/støvlar.  

Det vil bli klatring og sykling (ta med sykkel) for barna, og idrettslaget stiller med bålkaffe med noko attåt. Dei som ønskjer å grille, tek med grillmat sjølve.
For dei som ønskjer å gå rundturen om Tjønnmyran som er Stikk UT!-tur i år, blir det felles avgang frå Gammelfabrikken kl. 18. Viss du ikkje er lokalkjent, finn du nærare beskriving av startpunkt og køyrerute dit på Stikk UT-appen eller på «stikkut.no».
Det vil bli trekning av gaue premiar blant dei som registrerer seg ved gapahuken denne kvelden. Arrangementet er sjølvsagt ope for alle!

Publisert: 7. september 2021, 15:29