Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Friluftslivets år – Surnadal kommune med opningsarrangement på Tjønnmyrane

Dordi Jorunn Halle Torsdag 2. januar 2025

Året 2025 er friluftslivets år, og målet er å inspirere alle til å vere meir ute i naturen, oppdage og ta vare på nærnaturen, invitere andre til å bli med ut på tur og prøve ut nye friluftlivsaktivitetar.

Surnadal kommune inviterte til informasjonsmøte om opplegget for friluftslivets år i kommunen. Der stilte ordførar Hugo Pedersen, kulturleiar Lilli Husby, folkehelsekoordnator Trine Glåmen og Norunn Holten som har ansvar for friluftslivet i kommunen. Friluftslivets år blir arrangert kvart tiande år.

Offisiell opning av friluftslivets år i Surnadal blir på Tjønnmyrane laurdag 18. januar. Her blir det bålbrennig, fyr på peisen og bålpanna,  og aktivitetar tilpassa ver og føre. Målet er at «Heile Norge båler»!

Lilli Husby oppfordra lag og organisasjonar som planlegg arrangement i samband med friluftslivets år, å registrere dei i aktivitetskalenderen til friluftslivetsar.no.

Tjønnmyrane ein fin vinterdag. Arkivfoto.

Tjønnmyrane er ein flott plass for friluftsliv heile året, her er det fint tilrettelagt både for turar til fots, med ski når det er snø og fint å ake for dei som ønsker det. Fin og romsleg gapahuk for samling under tak.

Det er planlagt mange arrangement utover heile året:

18.01: Opning av Friluftslivets år – Tjønnmyrane; Todalen.

22.02: Akedag i Vollatrøa, Øvre Surnadal.

30.03: Skitur til Salvatna.

30.04: Opning av turkassetrimmen «Stikk bort» ved Surnadal sjukeheim.

07.05: «Frileik i friluft» – leikeplassane i Svartvassområdet.

30.06: Tur til Mausetsetra.

22.07: Dagstur til Vaulen

02.08: Kløvvegmarsjen – Vindøldalen.

10.08: Dalsegglia opp – motbakkeløp.

16.08: Segltur eller fjordtur med fisking – Bøfjorden småbåthavn.

30:08: Markering av «Friluftslivets år» – Åsskard.

30.08: «Natt på Kavlvegen».

21.09: Kveldsmattur til gapahuken på Duvåsen – frå Bjønnsledet (Folldalsvegen).

10.10: Fellestur til Treffasthytta i Skeisnebba.

16:10: Tur til Fagervegen – Øvre Surnadal.

Meir informasjon om arrangementa etter kvart som dei nærmar seg. Men her er det i alle fall svært varierte tilbud slik at alle kan finne interessante turmål.

Faste turarrangement som gjentek seg, men varierer etter årstidene:

Kløverturar i Todalen – Todalen sanitetsforening.

Stavgangturar og tur med «Fjellgruppa» – Surnadal pensjonistlag.

Informasjon om turmåla blir lagt ut på todalen.no.

Frisk luft, mosjon og sosialt samvær er godt for kropp og sjel; rett og slett investering i god folkehelse!

https://friluftslivetsar.no/nyheter/2025-er-friluftslivs-%C3%A5r

Det ligg til rette for aktivietetar både sommar og vinter på Tjønnmyrane. Arkivfoto.

Retteleg vinterdag dag da Trine Glåmen, Norunn Holten, Lilli Husby og Hugo Pedersen informerte om friluftslivsåret. Foto: Dordi Jorunn Halle.

 

 

 

 

Først publisert: 2. januar 2025, 18:46 - Sist oppdatert: 4. januar 2025, 22:18