Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Friluftslivet år – Triveleg markering rundt bålet på Tjønnmyran

Jon Olav Ørsal Laurdag 18. januar 2025

Laurdag ettermiddag var det offisielle opning av «Friluftslivets år».  Arrangementet som foregikk ved gapahuken på Tjønnmyran var berre starten på ein aktivitet som skal vare heile året i gjennom.  Det var Surnadal kommune som stod som arrangør, og det er plana at det skal bli fleire arrangement rundt omkring i kommunen i løpet av året.  

Norunn Holten sørga for nystekte bakels på peisvarmen. Foto Jon Olav Ørsal

På Tjønnmyran var det lagt opp til bålkos og sosial samling i gapahuken, og sjølvsagt var det traktering med både kaffe, saft og gløgg, og med tilbehør som sjokoladekake.  Nystekte bakels rett frå peisvarmen slår heller ikkje feil, og vart sett stor pris på av gjestane i gapahuken. På Tjønnmyra var det høve til StikkUT tur både på ski og til fots, og sjølvsagt var klatreparken og akebakken ved gapahuken eit populært innslag. 

Familien Bævre frå Surnadal tok turen til Tjønnmyran – mor Anne Guri, far Leif Roar og Johannes (5). Foto Jon Olav Ørsal

Ordførar Hugo Pedersen sørga for høgtideleg opning av friluftslivets år og var glad for å få servert bålkaffe.  Han var vant med bålkaffe den tida han dreiv med skogsdrift, bøde tømmer- og veddrift for nokre år sia og tykte det var godt å delta på eit utearrangement.  Han håpa at mange hivar seg på og blir med på StikkUT-turar utover året, og han love også at det skulle bli ein «ordførartur» i løpet av året.  Kvar den turen går ville han ikkje røpe enno, men han hadde ei plan forstod vi!

Ordførar Husgo Pedersen sørga for opning av «Friluftslivets år» og gledde seg på bålkaffe – han var vant til bålkaffe kvar dag den tida han dreiv med skogsdrift. No pønskar han på ordførartur i løpe av året – kvar den går ville han ikkje røpe! Foto Jon Olav Ørsal

Vidar gjennom året blir det fleire innslag rundt omkring i kommunen, fortel StikkUT- general Norunn Holten – vi kan berre nemne markering av ny sesong for StikkUT sommer, og den lokale «Stikk Bort»-kampanjen ved omsorgsbustadane, Natt på Kavlvegen i slutten av august, nissemarsj i Svarvassområdet når det nærmar seg jul – og myrkje meir.  Her finn du full oversikt over dei lokale arrangementa på linken til Friluftslivets år 

Bildegalleri frå bålkosen på Tjønnmyran – sjå om du treffer kjentfolk?  Alle foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 18. januar 2025, 19:05