Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Friluftslivet år: – Inviterer til fjordtur med fisking

Jon Olav Ørsal Måndag 11. august 2025

Kulturavdelinga i Surnadal kommune minner om aktivitetane som er knytt til Friluftslivets år.  Laurdag 16. august er det Bøfjord Småbåtforening som står som arrangør.  Laurdag 16. august inviterer Bøfjorden småbåtforening til gratis fjordtur med fisking. Det blir start frå Elvaneset småbåthamn på Settem i Bøfjorden kl. 10.00. Deretter går turen ut Bøfjorden for å prøve fiskelykka i nærområda, anten utover Halsafjorden eller innover Trongfjorden. Båten som skal brukast under turen, heiter «Skjellfjord» og er ein 103 år gammel 44 fots kutter.

Deltakarane blir oppfordra om å ta med eige fiskeutstyr, klede etter vêret og redningsvest, om dei har.  Ettersom lengda på turen er avhengig av vêrforholda, bør også folk ha med seg matpakke. Turen vil bli gjennomført berre ved forsvarlege vêrforhold.

Det er begrensa antal plassar, så viss du vil vera med, må du melde deg på til e-post: odd.ragnar.bekken@gmail.com eller tlf. 982 34 017, seinast dagen før turen.

Publisert: 11. august 2025, 07:41