Stangvik sokneråd minner om friluftsgudstenesta på Nordvik søndag 14. juni. Takka vere gjestefriheita til Ola og Ingrid Røe har det vore tradisjon i mange år å ha denne gudstenesta på stranda deira nedanfor Slettneset, eit nydeleg område ved sjøen som Stangvik sokneråd er svært takksame for å få lov å bruke fortel soknerådsleiar i Stangvik, Ranveig Brøske.
I dette fine og varme vêret lovar det godt med ei gudsteneste ute i det fri! Ingrid og Ola Røe ønskjer velkomne!