Regnbyger heldt på å stoppe friluftsgudstenesta i arboretet i dag. Det regna faktisk godt i dag tidleg, men vêrmldinga på yr.no lova at regnvêret skulle gje seg i løpet av føremiddagen. Soknerådet tok difor avgjerda om å kjøre etter plana i Svinviks arboret – og yr.no heldt det dei lova. Gudstenesta i dag har dei kalla for «Skaparverkets dag», og da må vel arboretet være rett plassen for eit slik arrangement. På agendaen i dag stod det i tillegg til gudsteneste at det skulle være markering av 50-års konfirmantane og i tillegg utdeling av mi kyrkjebok til 4-åringar.
Det var Pål Arne Winsnes som var dagens liturg, og med seg på laget hadde han organist Amund Valde og kyrkjevertane Borghild Talgø, Ola Bruset, John Moe og Rune Moe. Borghild Talgø var ansvarleg for tekstlesinga og tema fior dagens preken var basert på salme 8 i Salmenes bok, som omhandlar skaparverket. Dagens forbønn inneheldt også ei bøn for Gaza og den sorga vi kjenner på og fortvilinga og håpløysa som oppleves der.
4-åringen Ellie Svinvik var einaste kandidat til å få Mi kyrkjebok, og var framme og fikk boka frå soknerådsleiar Borghild Talgø. Borghild viste også fram dei 5 konfirmantjubilantane som deltok i feiringa. Dei 5 var frå dei to konfirmantkulla i 1974 og 1975 som var mott fram til feiringa. Jubilantane bidro med nokre muntre historier frå konfirmantførebuingana deo hadde med daværande sokneprest Carl Jacobsen. Den gjekk føre seg på ungdomsskulen i første time kvar fredag – det var prestens time. Det hører med til historia at dei måtte lære ei ny salme til kvar fredag.
Etter gudstenesta var det kyrkjekaffe til alle i kafeteriaen i hagen til Svinviks arboret. Etterpå var konfirmantjubilantane invitert til Todalshytta på middag, saman med representantar frå soknerådet.
Bildegalleri frå dagens friluftsgudsteneste i Svinviks arboret – alle foto Jon Olav Ørsal