Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Friluftsgudstenesta vart velsinga med sol

Jon Olav Ørsal Sundag 8. august 2021

Det såg faktisk litt grått ut i dag tidleg, og nokre regndråpar låg att på terrassen og varsla om at vêret kanskje ikkje var heilt trygt.  Men det var berre falsk alarm, for vêret vart betre utover føremiddagen, og da frilustsgudstenesta starta var det både god temperatur og lite som kunne minne om regn.  Da gudstenesta starta kl 11 var det faktisk eit 40-tal som hadde benka seg i arboretets uterestaurant.  Og sjølv om blomstringa nok er på hell, vart da uterestauranten ein staseleg katedral og ga friluftsgudstenesta ein fin atmosfære. 

Organist Ronny Kjøsen hadde med seg trekkspellet – her saman med Vidar Rygh som er sokneprest i Surnadal. Foto: Jon Olav Ørsal

Liturg for dagens gudsteneste var soknepresten i Surnadal,  Vidar Rygh – Det er faktisk ei lita spenning til kvar gudsteneste kven som skal være prest, og slik blir det vel ei tid framover til ny sokneprest blir tilsett i Stangvik prestegjeld.  Organist Ronny Kjøsen var på plass, men han måtte improvisere med trekkspill, da han sjølvsagt ikkje kunne ta med seg orgelet.  Men det gjekk godt, og Ronny trakterer nok trekkspellet like god som orgelet.  Elles bidrog Einy R. Elgsæther med tekstlesing i dagens gudsteneste.

Det var ikkje berre organisten som improviserte – kyrkjevert John Moe hadde rigga klokka i eit pæretre i arboretet. Foto: Jon Olav Ørsal

Tema for dagens preken var dei 10 bud – og dersom vi forstod presten rett så er dei like aktuelle i dag som da dei vart skrivne for over 3000 år sia, men med litt modernisering etter som tida endrar seg.  Dagens friluftsgudsteneste var forøvrig nattverdsgudsteneste, og det var mange som nytta høvet til å gå til alters.  Grunna smittevernsreglane måtte det foregå litt improvisert, men det gikk godt. 

Neste gudsteneste i Todalen kyrkje er konfirmasjonsgudstenesta den 28. august og neste ordinære gudsteneste er 12. september.  Dette kjem det meir informasjon om etter kvart.  Etter gudstenesta var det servert kyrkjekaffe – og rikeleg med smaksprøvar på gode og søte vindruer frå arboretets drivhus. 

Kyrkjekaffe vart det – her serverer kyrkjevert Kristian Gjeldnes kaffe til Sven Olav og Gunn Tove Svinvik. Foto: Jon Olav Ørsal

Nei da, det vart ikkje servert handsprit i begra. Den var til handvask, og alkoholfri altervin vart servert til nattverden, sjølvsagt. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 8. august 2021, 12:38