Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Friluftsdag med fokus på friidrett

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 7. september 2024

Fredag tok elevar og lærarar frå første til sjuande klasse ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter turen til Todalen og Bordholmen stadion for å ha friluftsdag med fokus på friidrett. I tillegg bruka dei det nye nærmiljøanlegget til Todalen Idrettslag. 

Klart for lengedehopp. Foto: Britt Mossing

På tur inn stranda var det tjukk skodde, men den letta etter kvart, så det vart skikkeleg fint å halde på med dei ulike friidrettsøvingane. 

Klart for start på 60-meteren. Foto: Britt Mossing

Elevane fekk prøve lengdehopp, kast av liten ball, kulestøyt, springe 60 og 400 meter og noko sjeldan som spydkast. Det var det nok ingen, eller få av elevane som hadde prøvd før. 

Fint å vere ute i det fine vêret. Foto: Britt Mossing

På ein aktivitetsdag må ein også ha mat, så idrettslage sin store mobile grill vart fyrt opp og det vart grilla pølser. Kjekt med stor grill når ein skal grille pålser til så mange! 

Det vart ein skikkeleg finvêrsdag når skodda letta. Foto: Britt Mossing

Det vart ein fin friluftsdag for både elevar og tilsette ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter på Bordholmen stadion fredag. 

Publisert: 7. september 2024, 08:07