Onsdag 29. september klokka 17:30 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til sesongens siste friidrettskveld på Bordholmen stadion. Og denne gongen, kan dei skilte med servering av frukt igjen, etter at samfunnet no har gått attende til «normale» tilstandar etter koronarestriksjonane, som har vore dei siste halvanna året.
Det blir lengde (med og utan tilløp), kast av liten ball, 60-meter og 400-meter. I tillegg kan det bli ein eller to aktivitetar til om det blir tid.
Barne- og ungdomsgruppa ønskjer alle velkomne på friidrett!