I kveld var det friidrett på Bordholmen i finveret. 8 ungar hadde teke turen for å konkurrere med seg sjølv i 5 øvingar.
Øvingane var:
Lengde med tilløp
Lengde utan tilløp
Kast med liten ball
60-meter
400-meter
Bortsett frå på 400-meter fekk ungane 2 forsøk kvar og konkurrerte då med seg sjølv om å forbetre resultata andre gongen. Nokre klarte det, medan andre gjorde det best på første forsøk.
Det blir friidrett dei komande 4 torsdagane (27.8, 3.9, 10.9 og 17.9) kl. 17:30-18:30, så det er framleis mogleg for den som ikkje hadde høve i kveld til å bli med.