Torsdag 25.juni kl. 17:30 – 18:30 blir det friidrett på Bordholmen.
Det blir:
- Lengdehopp med tilløp
- Lengdehopp utan tilløp
- Kast av liten ball
- Springing: 60 og 400 meter
Vi tek sikte på å ha friidrett annakvar torsdag, det vil seie desse datoane:
- 25.juni kl. 17:30 – 18:30
- 9.juli kl. 17:30 – 18:30
- 23.juli kl. 17:30 – 18:30
- 6.august kl. 17:30 – 18:30
Vi inviterer også i år, som i fjor, nordvikgardingane til å vere med. Det same gjeld alle feriegjestar som har lyst til å vere med.
På grunn av Koronasituasjonen kan vi ikkje servere frukt slik det har vore gjort dei siste åra. Så vi oppfordrar alle til å ta med seg frukt til eige bruk til ei kort sosial avslutning kvar gong.
Vi håper at dette blir populære og at folk møter opp! Handspriting før og etter!