Da kan vi meddele at vegen inn til Todalen, forbi rassraden no er åpna for fri ferdsel heile døgnet, utan nevneverdig ventetid. Denne gladnyheita er det Nils Erling Skålvik i Statens Vegvesen som meddeler oss på telefon frå rasstaden. Han er i området i dag fordi Betongrenovering er venta med ei kjempestor kran for å starte med sikringsarbeidet i rasområdet.
Betongrenovering har tidlegare i dag ankommet Todalen med deler av sitt utstyr for å starte jobben med å sette opp eit 6 meter høgt nettingjerde på øversida av vegen. Eit av dei størst dimensjonerte gjerda for silke tilfeller. Dette arbeidet vil ta i opp i mot 8-9 veker anslår Skålvik. Vi kjem tilbake meir om dette arbeidet undervegs.
Fartsgrensa vil fortsatt bli 30 km/t forbi anleggsområdet, men no med ein fri kjøyrebane. Denne blir ganske brei, med utvida møteplassar. Vis hensyn og ta tida til hjelp er fortsatt Statens Vegvesen si anbefaling.