Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fredrikkekaffien tek ferie, men startar oppatt når sommaren er på hell …..

Dordi Jorunn Halle Laurdag 25. mai 2019

Våren er ei travel tid med utearbeid og mange arrangement, og denne helga er det Vårsøg i kommunen. Men likevel møttest 15 damer til Fredrikkekaffe i Sanitetshuset laurdag ettermiddag. Altså er det både bra og viktig med mangfald og ulike tilbod slik at mange kan ha noko å vera med på!

Grete hadde helgebesøk av døtrene, og alle tre stilte med handarbeid. Gro, Mette og Grete. Foto: Dordi J H

I tillegg til handarbeid og sosialt samvær, er det populært med utlodding. Denne dagen var det nesten fleire gevinstar enn oppmøtte. Lotteri er framleis urettferdig flaks, somme vann fleire gevinstar og andre gjekk tomhendte heim …. Men bakelsa smaka nydeleg med godt heimelga syltety til. Det fekk alle!

Mange gevinstar, men måleriet var ikkje gevinst i dag. Det kan ein ta nummer på fram til jul. Foto: Dordi J H

Tru kven som vinn? Kari er klar med gevinsten. Rundt bordet: Synnøve, Berit, Jenny og Randi. Foto: Dordi J H

Strikkekaffeåret starta opp 26. august i 2018, og i alt har det vore 11 gonger med Fredrikkekaffe sidan da. Dei fleste gongene har der vore rundt 20 damer samla rundt borda, av og til fleire. Dette syner at det er viktig å legge til rette for gode møteplassar i nærmiljøet, slik som Sanitetsforeninga gjer med mellom anna dette tiltaket. No blir det ferie, men 31.august er det på nytt Fredrikkekaffe!

Kari og Helen ordna med basar, medan Åse var vertinne. Foto: Dordi J H

Arndis og Helen er ansvarlege for Fredrikkekaffeen og syter for at dette gode tiltaket blir arrangert 3. kvar veke. Heldigvis får dei hjelp med mat og servering.

Da er det berre å gle seg til nye ettermiddagar med Fredrikkekaffe når hausten kjem!

Kjekt å møtast! Grete, Ildri og Jorunn. Foto: Dordi J H

 

 

Publisert: 25. mai 2019, 20:49