Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fredrikkekaffe – riktig godt oppmøte

Dordi Jorunn Halle Laurdag 14. oktober 2023

Ute regn og rusk, inne lunt og godt! Slik var det laurdag 14. oktober da Sanitetsforeninga inviterte til Fredrikkekaffe.

Heile 17 personar tok turen til Sanitetshuset, og det vart ei triveleg ettermiddagsstund. Det vart strikka og hekla, men kanskje mest prata. Mange har handarbeid spesielt tilpassa strikkekaffeen. Det vil seie litt enklare arbeid som krev mindre konsentrasjon enn arbeid  med innvikla mønster og fellingar.

Vi gratulerer Jenny med 102-årsdagen! Foto: Dordi Jorunn Halle.

Jorunn og Mali syntest det var kjekt å treffast inne når det «ikkje var utverande ver!» Foto: Dordi Jorunn Halle.

Dagens vertinner var Ingeborg og Åse. Dei serverte eplekake og graut og bakels; riktig så godt! Men det store spørsmålet under serveringa var: Heiter det «bakels og graut» eller «graut og bakels»?

Det blir Fredrikkekaffe to gonger til før jul; 4. november med utlodding.

Fredrikkekaffe. Frå venstre: Elinor, Arndis, Sigrun, Dordi og May. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Her ser vi: Jorunn, Eli, Jorunn, Marit, Mali, Randi, Jenny og Ingeborg. Foto: Dordi Jorunn Halle.

 

 

Publisert: 14. oktober 2023, 22:00