Laurdag 16. mars – midt i den første vårmånaden – arrangerte Todalen sanitetsforening Fredrikkekaffe. Sol og fint ver ute, triveleg og sosialt treff inne.
Synnøve Hole Talgø og Jorunn Hals Ørsal var vertinner. Dei serverte kaffe og gode kaffebrød, og det var utlodding med mange gevinstar og stort loddsalg. Ekstra triveleg var det at Jenny og Grethe kom frå Surnadal. Båe to stilte med lestbunding og kosa seg med prat og kaffelag og trivele prat i Sanitetshuset. Dei to var mellom anna med som kokkar da det var eldremiddag i Sanitetshuset.
Fredrikkekaffeen har namn etter Fredrikke Marie Qvam (1843 – 1938) – ei modig og nytenkande kvinne som var medlem i Venstre, arbeidde for at norske kvinner skulle få stemmerett og kjempa for å oppløyse unionen med Sverige. Fredrikke tok initiativet til å opprette Norske Kvinners Sanitetsforening for å bekjempe sjukdom og betre folkehelsa i Norge.
Neste Fredrikkekaffe blir 6. april.
Fleire bilete: