Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe laurdag 7. september frå kl. 13.00 til 16.00. Alle er velkomne!
Det er haust i lufta, og kveldane er mørkare, så kanskje mange har funne fram handarbeid att etter sommarferien. Da kan det vere fint å ta med handarbeidet til Sanitetshuset og få ei triveleg stund med både prat, kaffe, bakels og bunding.
Namnet på strikkekaffen i Todalen er altså «Fredrikkekaffe», oppattkalla etter Fredrikke Marie Quam som grunnla Norske Kvinners Sanitetsforening i 1896. Ho var leiar for NKS i 37 år. Ho var også leiar for Norsk Kvinnesaksforening, og i 1898 var ho med og stifta Landskvindestemmeretsforeningen. Kvinnene i Noreg fekk stemmerett i 1913.
Arndis og Helen er vertinner og ønsker alle vel møtt til Fredrikkekaffe!